onsdag 28. oktober 2009

Siste innspurt for Barrilete!

Innsamlingsaksjonen for Proyecto Barrilete nærmar seg slutten. Førstkommande laurdag samlar me saman det me har fått inn og neste veke blir pengane overlevert til Barrilete.
Tusen takk til alle som har engasjert seg, det nyttar! Me var ein gjeng på Barrilete i dag og prata med Maria, ildsjela bak prosjektet. Då Proyecto Barrilete vart starta i 2004, tok Maria hand om ei gruppe på 25 barn frå fattige familiar, og den spartanske "skulefritidsordninga" heldt til på gata. No, fem år etter, har flokken av born har vakse til 130. Sjølv om Proyecto Barrilete gjer ein svært viktig jobb ved å hjelpa barn med å halda seg på skulen og sørga for at dei har vaksenkontakt, mottar dei ikkje ein córdoba i offentleg støtte. Derfor er slike innsamlingar avgjerandre for at Maria kan halda fram med arbeidet sitt.
Ein del av dei norske studentane her har allereie samla inn pengar til Barrilete på eiga hand. Maria viste oss korleis dei har brukt pengane dei har fått. Dei har mellom anna fått ein ny vask, ein vasskran der barna kan vaska hendene og eit nytt wc.
Men... dei manglar ei dør inn til toalettet, som Maria demonstrerer her:
Det gjenstår med andre ord mykje. Alt kostar pengar, og pengar er det mangel på. Dei mest elementære behova må stettast først. Difor kjem ein del av pengane frå denne innsamlinga til å gå til mat.
Det er tomt for det meste på kjøkenet, og dei siste dagane har barna fått ein liten porsjon spaghetti kvar dag. Difor fekk Maria eit forskudd frå innsamlinga i dag slik at ho kunne kjøpa inn olje, ris, sukker, bønner, mjølkepulver, og gass til komfyren. Maten på Barrilete er ikkje sjeldan det einaste måltidet desse barna får i løpet av dagen. Og dei gangane dei ét heime, får dei oftast berre ris.
I tillegg til dører, treng Maria å få fiksa taket i eit av romma (som også treng eit nytt vindauge). Dei har ikkje medisinskap og ikkje innlagt vatn på kjøkenet.
Dei treng materiale til å setja opp to veggar og dei treng skrivesaker og leiker. Dei treng vifter for å overleva 40 varmegrader og hyller til det spartanske biblioteket.
Lista er lang, og med bidraga som kjem inn kan me hjelpa med mange av tinga som er nemde her.
Siste frist for å vera med på fellesinnsamlinga er fredag. Når innsamlinga er avslutta vil eg skriva litt om kor mykje som kom inn og kva som vart kjøpt. Tusen takk igjen til alle som har bidratt. De har gjort noko veldig viktig for veldig mange.

1 kommentar: