fredag 30. oktober 2009
Me klør kvarandre på ryggen i overført tyding
onsdag 28. oktober 2009
Siste innspurt for Barrilete!
mandag 19. oktober 2009
Corn(y) Islands

tirsdag 6. oktober 2009
Franske freistingar

Ein mage som er vant til fullkornspasta, grønnaker og grovbrød slår seg fort vrang etter nokre dagar med loff, som er einstydande med brød i dette landet (dei har eit slags grovbrød på supermarknaden men det smakar bolle). Eg fekk lettare panikk av tanken på 4 månader med loff på tallerkenen. Men fordi gud er stor, har han plassert eit lite mirakel i Leon, berre nokre få kvartal frå Casa Iguana. Eit fransk bakeri! Det heiter Pan & Paz ("Brød & Fred") og kan by på dei lekraste brødprodukt, både i fine og grove variantar.
Det er eit hyggjeleg, europeisk par som driv bakeriet. Han er franskmann og ho er frå Nederland. Dei møttest i Latin-Amerika ein plass og fann ut at dei ville starta eit bakeri i León. Que bien! (Forresten har dei ein veldig fin katt som eg jobbar med å bli betre kjent med.) Opplevelsen av å innta den første grove baguetten med kylling som eg åt på Pan & Paz må ha vore noko i nærleiken av det Ingrid Betancourt følte då ho slapp fri frå FARC-geriljaen. Himmelsk! Sjølve lokalet minner kanskje ikkje om det ein ser føre seg når ein smakar på orda "fransk bakeri" men det gjer ikkje noko. Pan & Paz er the place 2 be 4 breakfast i helgene og ellers når ein måtte få lyst på eit deilig brød. Dei sel både påsmurt og ikkje påsmurt, croissants, quiche, kaffi med mjølk og alskens deilige juices. Så då veit de det.
mandag 5. oktober 2009
Dei fattiges SFO treng hjelp
Kvar onsdag i to-tida set eg meg i ein taxi saman med fire andre norske studentar for å gjera ein ørliten innsats i eit ganske lite prosjekt som betyr enormt mykje for mange barn.
Mellom kummerlige murhytter i den fattige bydelen Guadalupe i León ligg eit kvitt, lite hus med barneteikningar på fasaden. Det er huset til leksehjelpprosjektet Proyecto Barrilete, der barn frå fattige familiar kjem for å få hjelp til lekser, for å få seg eit enkelt måltid eller for å leika med andre barn.
Nicaragua er eit av dei fattigaste landa i Latin-Amerika, sterkt prega av ei turbulent fortid. Nesten halvparten av alle innbyggjarane i landet lever under fattigdomsgrensa, svært sårbare for sosiale problem. 20 prosent av innbyggjarane i Nicaragua er analfabetar, men blant dei fattige manglar heile 40 prosent lese- og skrivekunnskapar.
Proyecto Barrilete er eit lite men viktig bidrag for å endra situasjonen i Nicaragua. Staden fungerer som ei slags skulefritidsordning der barn i alderen rundt fire til 18 kan komma når dei har fri eller er ferdige på skulen. Vaksne frivillige hjelper barna med lekser, severer enkel mat (som oftast bønnestuing og frukt) og passar på dei. Målet med prosjektet er å gi alle barna ein trygg og god barndom og få dei til å fullføra skulen slik at dei ikkje endar på gata.
Kvar gong taxien vår stoppar utanfor Barrilete blir me raskt oppdaga av barna. Og kvar gong tek dei mot oss med stor entusiasme. Og sjølv om spansken til dei fleste av oss enno er mildt sagt vaklande, er barna overraskande tålmodige og forklarar oss gjerne fem gonger det dei har på hjartet, heilt til me forstår.
- Ingles! har dei ropt smilande mot meg dei to siste gongane eg var der; dei elskar å læra engelsk. Iallfall heilt til dei blir utålmodige og vil ut og leika eller spela fotball på den vesle jordflekken utanfor huset, der bilar susar forbi hele tida. (Ein gong sprang eg blåaugd ut i vegen etter ein ball som spratt av garde, då eg brått oppdaga at det kom ein varebil rett mot meg. Han tuta og eg forsvann ut av vegen med eit byks. Forhåpentleg er ungane meir observante.)
Alle dei vaksne på Barrilete jobbar på frivilleg basis. Likevel kutta staten nyleg den allereie minimale økonomiske støtta til prosjektet. Det kan få alvorlege konsekvensar for dei fattige barna i Guadalupe. Barrilete treng pengar til bøker, skrivesaker, papir, leiker, mat og andre ting som gjer at dei kan halda fram med å hjelpa barn.

Dersom du er interessert i å bidra, ta kontakt med meg (jan.adland@gmail.com) og spre gjerne ordet vidare. Det vil bli organisert ei innsamling blant alle dei norske studentane her de me oppfordrar familiane i Norge til å bidra med ein slant. Det som er småpengar i Norge er gull verdt i Nicaragua. (For eksempel kostar det meg 3 kroner og 50 øre å ta taxi til Barrilete, ein 10 minutts tur frå huset vårt.)
Støtt Barrilete og gi mange barn ei lysare framtid!

















































