Kvar onsdag i to-tida set eg meg i ein taxi saman med fire andre norske studentar for å gjera ein ørliten innsats i eit ganske lite prosjekt som betyr enormt mykje for mange barn.
Mellom kummerlige murhytter i den fattige bydelen Guadalupe i León ligg eit kvitt, lite hus med barneteikningar på fasaden. Det er huset til leksehjelpprosjektet Proyecto Barrilete, der barn frå fattige familiar kjem for å få hjelp til lekser, for å få seg eit enkelt måltid eller for å leika med andre barn.
Nicaragua er eit av dei fattigaste landa i Latin-Amerika, sterkt prega av ei turbulent fortid. Nesten halvparten av alle innbyggjarane i landet lever under fattigdomsgrensa, svært sårbare for sosiale problem. 20 prosent av innbyggjarane i Nicaragua er analfabetar, men blant dei fattige manglar heile 40 prosent lese- og skrivekunnskapar.
Proyecto Barrilete er eit lite men viktig bidrag for å endra situasjonen i Nicaragua. Staden fungerer som ei slags skulefritidsordning der barn i alderen rundt fire til 18 kan komma når dei har fri eller er ferdige på skulen. Vaksne frivillige hjelper barna med lekser, severer enkel mat (som oftast bønnestuing og frukt) og passar på dei. Målet med prosjektet er å gi alle barna ein trygg og god barndom og få dei til å fullføra skulen slik at dei ikkje endar på gata.
Kvar gong taxien vår stoppar utanfor Barrilete blir me raskt oppdaga av barna. Og kvar gong tek dei mot oss med stor entusiasme. Og sjølv om spansken til dei fleste av oss enno er mildt sagt vaklande, er barna overraskande tålmodige og forklarar oss gjerne fem gonger det dei har på hjartet, heilt til me forstår.
- Ingles! har dei ropt smilande mot meg dei to siste gongane eg var der; dei elskar å læra engelsk. Iallfall heilt til dei blir utålmodige og vil ut og leika eller spela fotball på den vesle jordflekken utanfor huset, der bilar susar forbi hele tida. (Ein gong sprang eg blåaugd ut i vegen etter ein ball som spratt av garde, då eg brått oppdaga at det kom ein varebil rett mot meg. Han tuta og eg forsvann ut av vegen med eit byks. Forhåpentleg er ungane meir observante.)
Alle dei vaksne på Barrilete jobbar på frivilleg basis. Likevel kutta staten nyleg den allereie minimale økonomiske støtta til prosjektet. Det kan få alvorlege konsekvensar for dei fattige barna i Guadalupe. Barrilete treng pengar til bøker, skrivesaker, papir, leiker, mat og andre ting som gjer at dei kan halda fram med å hjelpa barn.

Dersom du er interessert i å bidra, ta kontakt med meg (jan.adland@gmail.com) og spre gjerne ordet vidare. Det vil bli organisert ei innsamling blant alle dei norske studentane her de me oppfordrar familiane i Norge til å bidra med ein slant. Det som er småpengar i Norge er gull verdt i Nicaragua. (For eksempel kostar det meg 3 kroner og 50 øre å ta taxi til Barrilete, ein 10 minutts tur frå huset vårt.)
Støtt Barrilete og gi mange barn ei lysare framtid!


Muy bien. Har sendt deg en mail ang. dette. Godt initiativ. Si forresten fra om du kommer over noen med navnet Oreld i Nicaragua. Det er det eneste landet i verden, bortsett fra Norge, hvor navnet finnes. Dog som fornavn, men lell a gitt!
SvarSlett