fredag 30. oktober 2009

Me klør kvarandre på ryggen i overført tyding

To gonger i veka møter eg 20 år gamle Dania for å klø henne på ryggen og bli klødd tilbake.


Det byrja slik: Eg var på café og la merke til at den vevre servitrisa snakka ein bißchen engelsk. Eg tok mot til meg og spurte om ho kunne tenkja seg å møtast for å snakka litt saman, ein halvtime på engelsk og ein halvtime på spansk.

- Me parece una idea fantastica, svara Dania. Verre var det ikkje. Eg hadde inngått eit gjensidig gullkanta samarbeid, også kalla intercambio, der eg får øvd meg på å snakka spansk og ho får øvd på engelsk under uformelle møte på café.

Eg var 10 prosent nervøs før den første daten. Kva skal ein prata om? Kva om kjemien ikkje stemmer? Kva om ho legg noko meir i vår vesle tête-à-tête?

Men Dania og eg kom godt overeins. Etter at me fekk avklart at begge hadde kjærast (eller iallfall noko på gang, utan å utdjupa det sjukt mykje) sank skuldrene på plass og det var duka for språkleg utveksling av ypperste klasse.

I enkelte tilfelle er det faktisk litt viktig å avklara at intercambio-møtet ikkje er ein date. Koordinatoren på skulen vår har gjort forsøk på å arrangera intercambio mellom norske og lokale studentar. Men ryktet vil ha det til at det frå nicaraguansk side er flest gutar som er gira på dette, at dei utelukkande er interesserte i å snakka med jenter og at det kanskje ikkje er SPRÅKLEG intercambio dei er mest interesserte i...

Men slike tankar har ikkje Dania, nyfrelst og god som ho er. Trur eg. Det fine med vår intercambio er at ein ikkje treng å ta stilling til slikt. Det går mest i frasar som: "Eg er frå Norge. Eg har ein bror og ei syster. I helga var eg på stranda. Det var muy bien. Muy, muy bien. Sí."

Vel, etter kvart har me blitt NOKO meir avanserte, men ingen av oss er i stand til å kommunisera våre djupaste tankar og kjensler på ein måte som gjer det forståeleg for den andre. Og det er jo faktisk heilt buenísimo.

2 kommentarer:

  1. Cuando vas a empezar escribir en Español en este.. ehh.. blogg?

    SvarSlett
  2. Tengo que escribir en una idioma que mis amigos de Noruega comprenden :D

    SvarSlett