søndag 27. september 2009

Kåte menn ved foss

Hola guapos!
Lenge sidan no. Kva har skjedd sidan sist? Litt av kvart! Forrige helg drog me til ein svær, økologisk gård like utanfor byen Matagalpa på det nicaraguanske høglandet. ADDAC, ein frivillig organisasjon som mellom anna er støtta av den norske ambassaden, driv gården saman med lokale bønder. I rurale strøk i Nicaragua lever nesten 70 prosent av folket i fattigdom (dei har under 1 US dollar om dagen). Målet med prosjektet er mellom anna å hjelpa bøndene til å driva med differensiert jordbruk, auka inntektene deira og gjera dei mest muleg sjølvhjelpne. I tillegg plantar dei opp att område som har vorte avskoga under den om omfattande sukkerproduksjonen som føregjekk her for nokre år sidan. Eit reslutat av dette er at brøleapar har begynt å slå seg ned i området att.


Ein av dei pissa ned på meg frå treet han sat i. Heldigvis var denne geitekillingen litt hyggelegare (han hadde sikkert dødsangst, men han klarte å skjula det akkurat då Thomas tok bilete).


Elles låg det ein temmeleg idyllisk foss like ved gården. Eg kunne tenkt meg å ha ein slik foss utanfor huset mitt.


I følgje feltsjefen vår, Rigo, er vatnet i fossen det kaldaste vatnet i heile Nicaragua, det heldt vel kanskje 20 grader, og det var ei fryd å bli litt småkald etter 30 minutt med bading og fossdusjing. To av dei lokale gutta hadde sett seg godt til rette på ein stein over kulpen for å ta bilete av jentene medan dei kom opp av vatnet med stive brystvorter. Frekt. (Foto: Thomas Vestrom)


Ein annan ganske fantastisk ting som skjedde på gården var at Thomas hadde sin første solo-ridetur på hest. Det gjennomførte han på ein heilt upåklageleg måte. Hesten var ikkje like happy, trur eg. Han var liksom litt for liten for Thomas.


Då Kristina skulle ri saman med Fernando, gjekk det ein liten jævel i Thomas:


Hvis du vil sjå Thomas saman med eit anna søtt lite dyr, kan du klikka her: http://www.facebook.com/photo.php?pid=9041276&id=764720286

Her prøver Thomas å forsyne seg av frukten ein lagar sjokolade av, for det kom ein slange ned frå treet og sa at det var heilt orden, ikkje noko problem, berre å forsyna seg!


Her er eit tre med gribbar. Dei hadde høyrt at me skulle gå ein lang tur rundt på gården i solsteiken og sat klare med serviettar fint knytt rundt dei slanke, elegante halsane sine.


Ellers har regntida hatt generalprøve og premieren er like rundt hjørnet. Det gjer at temperaturen blir litt lågare, noko som er heilt NYDELEG. Og når det regnar som verst er det berre å nytta på og ta seg ein dusj i det kalde vatnet frå taket.


Denne helga har me vore heime på Casa Iguana, drukke mojitos på Bigfoot, rom og cola på ViaVia - og prøvd å lesa litt. Eg trudde det å læra seg spansk skulle bli grei skuring, men det er så inn i gleden mange uregelrette verb (takk til Stian Tveit for lån av uttrykk), ein del tricky pronomen-bruk og mykje ullen refleksivitet. Kan ikkje alle berre bli enige om å snakka engelsk? Neida. SPRÅK ER GØY! Hasta luego amigos!

PS - Thomas har fått seg ny kjærast. Ho heiter Liv og kjem frå Tromsø.


PS 2 - Husk at du kan klikka på bileta for å sjå ein større versjon!

PS 3 - Ha ein fisefin dag!

PS 4 - Er overlukkeleg over å ha tre månader med Radioresepsjonen til gode på iPoden. Yes Box!

PS 5 - Kjekt med kommentarar (no treng du ikkje lenger ha blogspot-konto for å kommentera!)

søndag 13. september 2009

Holy shit

Dei siste dagane har vore prega av diaré i kombinasjon med svært lite private toalett-tilhøve (sjå bilete av toalett og sjuk mann med Powerade-flaske på hovudet).

Har blitt eit nytt menneske på fleire plan. Skulle til San Juan del Sur i helga men droppa det sidan dårleg mage og 4 timars busstur er ein endå dårlegare kombinasjon. Blei såklart frisk igjen rett etter at dei andre hadde dratt, så Thomas og eg leigde oss ein bungalow på Barca de Oro på Las Penitas (strendene utanfor Leon). Heilt nybygd bungalow laga av 100% bambus, til og med dusjen var laga av bambus.

Og sengene var knallgode med kvite laken. Luksus! På toalettet (vårt eige toalett, Oh Lord!) måtte ein passa på at "pipi" og "caca" datt ned i to separate rom. Men dette var forklart med ein flott teikning, så det var ikkje noko problem.
På Barca de Oro budde det to kule kattar, ein to månader gammal papegøye og ein sløv hundegjeng (mellom anna). Var favorittkatt var ein ekstremt sjølsikker, sosial og kosete hannkatt med tigermøster. Han hadde ein lengre samtale med Thomas.
For ei lukke å endeleg få klappa ein katt! ("Snakk litt med katten, det er han som er varast i garden." O. H. Hauge.) No er gjengen som var i San Juan del Sur tilbake og David har vore så snill å handla surfebrett til meg! 2 500 cordobas og knallinnsats frå David var alt som skulle til for at eg endeleg skulle bli surfebretteigar. Dei som vil ha meir info om kva som skjedde i San Juan del Sur (det går rykte om at det var vilt!), får lesa ein annan blogg: nikkaragga.blogspot.com/
Ha ein fisefin dag.
PS - send fiber!
PS 2 - dette er sannsynlegvis siste blogginnlegg frå meg. Får makk over heile kroppen av det ubrukelege layout-systemet (eller mangelen på eit slikt) på blogspot.com, og bloggar som berre er tekst veit eg at de synest er keisamt :) Men kjem til å legga ut bilete med kommentarar på facebook i staden.

mandag 7. september 2009

Cerro Negro og Marvely









































Hola bandidos! (Spansken når nye høgder!)
SISTE NYTT: Har vore utan internett sidan fredag. Folk er heilt på tuppa her. "Er internett tilbake?" "Kor har det blitt av internett?" Folk blir deprimerte og urolige. Eit aldri så lite antopologisk nederlag, som Kaia kalla det. Ingen veit kor det vart av internett fredag kveld, men no er det tilbake for fullt. I kveld er det internett-fråtsing på Casa Iguana. Mmmmm. Internett.

Søndag gjekk me til topps på vulkanen Cerro Negro. Den har i gjennomsnitt utbrot kvart tiande år, og førre gongen var i 1999. Nok om det. Me sto opp kl 6 om morgonen og eg hadde pakka for ein fulldagstur. Då bussen stoppa ved foten av vulkanen trudde eg framleis at det skulle bli ein liten styrkeprøve. Men det tok ca ein halvtime å gå dei 300 metra opp på toppen av vulkanen som ligg ca 700 meter over havet. Uansett, utsikten var upåklageleg. Me såg utover Stillehavet og bort på rekkja av vulkanar som ligg mot nordvest. Den høgaste, San Christobal er ca 1745 meter høg og spyr ut ein jamn straum av røyk. Neste gong går me der.

Turen ned att frå Cerro Negro var spektakulær. Ein trakkar/sklir i vulkansand rett ned 300 meter, og det er gjort på 2 minutt. Det ser kanskje ikkje så bratt ut på bileta, men det er BRATT. Og når ein har nådd enden av bakken, kan ein tømme skoa for ca ein halv kilo sand. (Mange, meg inkludert, kjøpte billige joggesko spesielt for denne turen.)

Elles har me no begynt på latinamerika-førelesingane i tillegg til spanskundervisinga. Spennande stoff. Lova forrige gang å ta eit bilete av spansklæraren vår. Her er ho, Marvely. Veldig hyggeleg dame som elskar å undervise norske studentar.

Livet på Casa Iguana er stort sett veldig bra. Litt for mykje folkehøgskulestemning for min smak av og til, men som Jesus sa; lat borna slå seg laus. Eg har etter kvart innsett at eg er 10 år eldre enn dei fleste her. Men til helga skal me til surfelandsbyen San Juan del Sur, og då skal eg endeleg kjøpa mitt eige brett og slå meg til ro i bølgene. Yes box!

Me snakkast! JE.

PS - dersom nokon har tips til korleis ein kan redigere layouten på denne ubrukelege nettsida på ein enkel måte, så blir eg glad.

onsdag 2. september 2009

Spansk gramatikk i bølgesus

















Det er ikkje vondt å gå på skulen. Me har hatt to dagar med undervisning på studiesenteret som tilfeldigvis ligg på eit strand ved Stillehavet. Ein del av undervisninga foregår i grupperom - det vil sei små bungalower ute i hagen. Den lokale spansklæraren som underviser gruppa mi heiter Marvely og er heilt nydeleg. Skal ta eit bilete av ho til neste gong. Ho påstår at ho veit skilnaden på v og b, men eg er ikkje heilt overbevist.


Her er bussen som kjører oss til stranda kvar dag. Dei byggjer ny veg til kysten no, ein veg dei har venta på sidan 60-talet. Ting tek tid her i Nicaragua. No jobbar dei på spreng med å få asfaltert vegen før regntida kjem i oktober. Dersom dei ikkje rekk det, renn vegen vekk med regnvatnet og dei må begynna på nytt...



























Apropos regn, me ha hatt nokre byger som får regnskurane på vestlandet til å framstå som yr. Regnet kjem gjerne om ettermiddagen, gjerne frå klar himmel (forstå det den som kan) og når det først regnar, så regnar det skikkeleg.













Men me har stort sett hatt fint ver og nydelege ettermiddager som denne:
















Har forresten kome inn i ein herleg døgnrytme som startar med dusj kl 0615, frukost kl 0630 og undervisning frå ca 0700. Det betyr at dagane sluttar tilsvarande tidleg. Men ikkje så tidleg at me ikkje rekk å gå ut og eta middag. Det er fleire ok restaurantar i byen, og prisane ligg rundt 30-40 kroner for eit skikkeleg måltid. Ein øl kostar ca 6 kroner og mojitoen ligg på 10 kroner. Ah, sweet life.



Her ser du ei gammal søppelfylling med ein hund (perro), ein vulkan (volcano) og eit veggmaleri.



























No skal eg eta kveldsmat som Thomas har snekra saman. Me snakkast! Ha ein fisefin dag.