søndag 27. september 2009

Kåte menn ved foss

Hola guapos!
Lenge sidan no. Kva har skjedd sidan sist? Litt av kvart! Forrige helg drog me til ein svær, økologisk gård like utanfor byen Matagalpa på det nicaraguanske høglandet. ADDAC, ein frivillig organisasjon som mellom anna er støtta av den norske ambassaden, driv gården saman med lokale bønder. I rurale strøk i Nicaragua lever nesten 70 prosent av folket i fattigdom (dei har under 1 US dollar om dagen). Målet med prosjektet er mellom anna å hjelpa bøndene til å driva med differensiert jordbruk, auka inntektene deira og gjera dei mest muleg sjølvhjelpne. I tillegg plantar dei opp att område som har vorte avskoga under den om omfattande sukkerproduksjonen som føregjekk her for nokre år sidan. Eit reslutat av dette er at brøleapar har begynt å slå seg ned i området att.


Ein av dei pissa ned på meg frå treet han sat i. Heldigvis var denne geitekillingen litt hyggelegare (han hadde sikkert dødsangst, men han klarte å skjula det akkurat då Thomas tok bilete).


Elles låg det ein temmeleg idyllisk foss like ved gården. Eg kunne tenkt meg å ha ein slik foss utanfor huset mitt.


I følgje feltsjefen vår, Rigo, er vatnet i fossen det kaldaste vatnet i heile Nicaragua, det heldt vel kanskje 20 grader, og det var ei fryd å bli litt småkald etter 30 minutt med bading og fossdusjing. To av dei lokale gutta hadde sett seg godt til rette på ein stein over kulpen for å ta bilete av jentene medan dei kom opp av vatnet med stive brystvorter. Frekt. (Foto: Thomas Vestrom)


Ein annan ganske fantastisk ting som skjedde på gården var at Thomas hadde sin første solo-ridetur på hest. Det gjennomførte han på ein heilt upåklageleg måte. Hesten var ikkje like happy, trur eg. Han var liksom litt for liten for Thomas.


Då Kristina skulle ri saman med Fernando, gjekk det ein liten jævel i Thomas:


Hvis du vil sjå Thomas saman med eit anna søtt lite dyr, kan du klikka her: http://www.facebook.com/photo.php?pid=9041276&id=764720286

Her prøver Thomas å forsyne seg av frukten ein lagar sjokolade av, for det kom ein slange ned frå treet og sa at det var heilt orden, ikkje noko problem, berre å forsyna seg!


Her er eit tre med gribbar. Dei hadde høyrt at me skulle gå ein lang tur rundt på gården i solsteiken og sat klare med serviettar fint knytt rundt dei slanke, elegante halsane sine.


Ellers har regntida hatt generalprøve og premieren er like rundt hjørnet. Det gjer at temperaturen blir litt lågare, noko som er heilt NYDELEG. Og når det regnar som verst er det berre å nytta på og ta seg ein dusj i det kalde vatnet frå taket.


Denne helga har me vore heime på Casa Iguana, drukke mojitos på Bigfoot, rom og cola på ViaVia - og prøvd å lesa litt. Eg trudde det å læra seg spansk skulle bli grei skuring, men det er så inn i gleden mange uregelrette verb (takk til Stian Tveit for lån av uttrykk), ein del tricky pronomen-bruk og mykje ullen refleksivitet. Kan ikkje alle berre bli enige om å snakka engelsk? Neida. SPRÅK ER GØY! Hasta luego amigos!

PS - Thomas har fått seg ny kjærast. Ho heiter Liv og kjem frå Tromsø.


PS 2 - Husk at du kan klikka på bileta for å sjå ein større versjon!

PS 3 - Ha ein fisefin dag!

PS 4 - Er overlukkeleg over å ha tre månader med Radioresepsjonen til gode på iPoden. Yes Box!

PS 5 - Kjekt med kommentarar (no treng du ikkje lenger ha blogspot-konto for å kommentera!)

4 kommentarer:

  1. Hei Jan Egil, ser ut som de kosa dåke.
    Fortset med da..
    Her e da mykje med da sama. Er på jobb, heime har dei haustferie og regna vekk...
    Helsa....

    Broder Aage

    SvarSlett
  2. Hei Janos. Åhhh så fin blogger du er blitt !!!
    Veldig gøy å lese og se bilder.
    Vi elsker bloggen din her i Oslo og skåler for deg hver gang vi samles over Mirjas deilige gryter.
    Du er savnet kjære venn.
    Ellers skjer det ikke så mye her Skal vi danse er i full gang og både Anita Valen og Elin Tvedt er ute. Tenkte det var deilig å få litt SVD sladder.
    Ellers er det en varm og tørr høst i Oslo. Det er deilig. Idag har jeg laget fårikål så i morra lukter nok hele leiligheten promp. Jaja ha det så godt. Gleder meg til neste runde med bloggings. Stor klem fra Ingvild.

    SvarSlett
  3. Heisann :)
    Så kjekt at du forsynte deg av mitt herlig frekke vokabular heilt sånn på egenhånd. D går heilt fint altså :-)
    Veldig skøy blogg du har rulla ut. Vittig e du ;)
    Kjenner eg begynner å savne deg no.
    Andreas, eg og hundene har vært på hyttetur i Innfjorden frå lørdag til tirsdag. Veldig koselig, men ekstremt vått. For å sei d sånn, der oppe hadde regntida hatt både generalprøve og premiere. Trur faktisk ho holdt på med ekstra forestillinger :)
    I dag reiser eg til Bergen ein tur. Gleder meg veldig :)
    No skal eg på jobb, show must go on!

    Ninja stor klem frå Stian :*

    SvarSlett
  4. LAMMEKOTELETT

    Din Anders

    SvarSlett