lørdag 29. august 2009

Livet i Miami


Beklagar litt kjedelig innlegg innlegg frå Terminal 4 i går. Det var verken morosamt eller interessant og i tillegg var biletet av dårleg kvalitet - og det tek eg sjølvkritikk på.
No er me i Miami og ventar på flyet til Managua. Mange flotte folk og god stemning (sjå biletet). Er superklar for Nicaragua no. Eg merkar at dette er i ferd med å bli nok eit Terminal 4-innlegg (ny sjanger coming up?) så eg seier takk for no og ha ein fisefin dag!

2 kommentarer:

  1. Merkar at eg blir litt flau av å blogge. Er det vanleg for ferske bloggarar?

    SvarSlett
  2. Hm. Kanskje er det litt som å strippe første gongen? Litt nakent men litt digg óg? Kva veit eg. Eg ville no berre understreke at eg tykkjer du er for hard mot Livet på terminal 4 - eit kort men intenst innsyn i høgmoderne arkitektur og spanande interiørbaserte løysingar. Tipp topp!

    SvarSlett