Hola muchachos.¿Que tal?
Denne helga pakka Thomas og eg dei artige snippsekkane våre og sette kursen mot Corn Islands, to små øyer utanfor den karibiske kysten av Nicaragua. Gjekk om bord i dette søte flyet i Managua...
... og halvannan time seinare landa me i noko som var veldig forskjellig frå León og stillehavskysten. Me var i Karibien! Her er det annan mat, andre folk (med ein nesten uforståeleg karibisk spanglish dialekt), andre rytmar, krystallklar sjø og store korallrev.
Me rakk akkurat solnedgangen og ein rask fotoshoot for å dokumentera korleis eg såg ut på 30-årsdagen (det var tilfeldigvis to palmar i bakgrunnen):
Og så tok eg eit fint bilete av Thomas:
Me budde på Big Corn Island, på Hotel Paraiso, der me boltra oss i denne frekke bungalowen:
Det var knallfint å snorkla rett nedanfor hotellet. Tre båtvrak ligg på 0-10 meters djup og av ein eller annan grunn likar all slags fargerik fisk seg sjukt godt rundt dei. Fekk ikkje tak i undervasskamera så eg har rappa eit bilete frå sidene til Hotel Paraiso:
Me var faktisk dei einaste gjestane på hotellet, så me vart godt kjende med dei som jobba der. Mellom anna Nikita (t.h.), ei vakker servitrise med utruleg sprettrumpe (for dei som måtte vera interessert i den slags), og Maria Elena, som må vera ei av dei beste kokkene i Karibien.
Ho diska opp med dei lekraste rettar kveld etter kveld. Me fekk karibisk hummar, heilsteikt fisk, rekespyd - alt med Maria Elena sine magiske, karibiske sausar.

Etter middag tok Maritza (som jobbar i resepsjonen) og hotelleigaren, Mister Ton, oss med ut på livet. På Big Corn Island er det to dagar ein verkeleg bør gå ut. Torsdagar er det country night på Nico's. Country night vil sei at ein spelar 5 reagge/dancehall-låtar, etterfulgt av 5 amerikanske country-låtar, deretter meir reagge og så vidare. I følge Mister Ton er dette for at det skal bli god klinestemning. Det pleier visst å funka. (Mange unge finn kvarandre der, og ting går fort i svingane. Elisa, søstera til Nikita, som også jobbar som servitør på hotellet til Mister Ton, sit igjen som aleinemor for ein gut på fem månader. Faren stakk av då Elisa var gravid og hevda hardnakka at det ikkje var hans unge. Elisa fortalte meg rett fram, på ekstra tung karibisk-engelsk, kor frustrert ho var: "I'd shoot da mothafucka in da face.") På Nico's kan ein óg trekka seg unna dansegolvet og nyta ein iskald øl på terrassen med bølgene skvulpande nedanfor muren. Slik tilbrakte eg dei siste timane på 30-årsdagen min. (Illustrasjonsfoto frå dagen etter:)

Den andre utekvelden ein bør få med seg er laurdagen på Reagge Palace (like ved havna). Eg let bileta snakka for seg sjøl.
Eg kan forresten ikkje la dei snakka HEILT for seg sjøl. På det øvste biletet, vil du, dersom du ser godt etter, kunna sjå meg dansa med stor innleving med eit flott lokalt fruentimmer medan ein ny kompis av oss står og ser på. (I forgrunnen ser du Mister Ton, hotelleigaren. Han fekk all blitzen. Det var dumt!) På det andre biletet har den nye kompisen vår fått føre seg at det er kult å stå på hovudet på dansegolvet (han var 50 år), og på det tredje biletet ser du Thomas og den artige kompisen vår før han drakk fem øl og gjekk ut på dansegolvet (her brukar eg retrospektiv forteljarteknikk). Lat oss gå vidare. Her er eit bilete frå "main street" på Big Corn Island.
Det bur ca 8000 personar på øya. Dersom ein synest det blir litt for mykje, kan ein ta turen til Little Corn Island (berre kalla "Little" av dei lokale). Den enklaste måten å komma seg dit på er ein 30 minutts båttur i denne snasne farkosten:
Husk å setta deg langt bak i båten hvis du ikkje vil få vondt i stumpelumpen - det blir ein del hopping.
Når ein går i land på Little føler ein seg laaangt unna alfarvei, noko som stemmer ganske bra. Her er det ingen bilar, men likevel har dei bygd fartshumpar på "main street". Her er to bilete frå hovudgata (fyren til venstre på det første biletet ville at eg skulle bli med på ein heilt spesiell fest som han skulle ha same kvelden, utan at eg heilt fekk klarheit i kva slags fest det var):
Frå havna kan ein kryssa øya på tvers på 10 minutt. På austsida ligg Casa Iguana, eit hotell med ei temmeleg heftig utsikt frå verandaen. Då me kom fram såg det slik ut:
Paradis! Så drog me for å snorkla på nokre rev som ligg ein 15 minutts symjetur ut frå stranda. Dette er ein av dei finaste stadane å snorkla på øya, blir det sagt. Noko av det første me såg var ein hai av betydeleg storleik. Heldigvis låg han heilt i ro 4-5 meter under oss. (Illustrasjonsfoto:)
Veret skiftar fort i Karibien, og då me kom opp frå sjøen var det solfylte paradiset som møtte oss då me kom, blitt til dette.
Uansett. Her skal eg tilbake. I november, då er regntida over (seier dei som har greie på det). Dette er heilt klart plassen å vera dersom ein har tenkt seg til Corn Islands. Ta absolutt ein tur innom restauranten på Hotel Paraiso på Big Corn og nyt den fantastiske maten til Maria Elena, men kom deg vidare ut på Little, kjenn dagane snigla seg forbi nesten utan puls og nyt kvar augneblink. (Tips frå Maria Elena: dra ikkje åleine til Queens Hill, der bur det ein fyr som likar å rana turistar.)
Og dersom du er redd for skumle kryp er det berre å lukka augene når du går forbi sånne som han her. Sjå også opp for edderkoppar. (Artig?)
Søndag drog me tilbake til sivilisasjonen. Det er forresten veldig koseleg å fly med La Costena. Er du først i køen kan du få sete rett bak pilotane, der er utsikta best.
På gjensyn, Corn Island. Ha ein fisefin dag!