mandag 7. september 2009

Cerro Negro og Marvely









































Hola bandidos! (Spansken når nye høgder!)
SISTE NYTT: Har vore utan internett sidan fredag. Folk er heilt på tuppa her. "Er internett tilbake?" "Kor har det blitt av internett?" Folk blir deprimerte og urolige. Eit aldri så lite antopologisk nederlag, som Kaia kalla det. Ingen veit kor det vart av internett fredag kveld, men no er det tilbake for fullt. I kveld er det internett-fråtsing på Casa Iguana. Mmmmm. Internett.

Søndag gjekk me til topps på vulkanen Cerro Negro. Den har i gjennomsnitt utbrot kvart tiande år, og førre gongen var i 1999. Nok om det. Me sto opp kl 6 om morgonen og eg hadde pakka for ein fulldagstur. Då bussen stoppa ved foten av vulkanen trudde eg framleis at det skulle bli ein liten styrkeprøve. Men det tok ca ein halvtime å gå dei 300 metra opp på toppen av vulkanen som ligg ca 700 meter over havet. Uansett, utsikten var upåklageleg. Me såg utover Stillehavet og bort på rekkja av vulkanar som ligg mot nordvest. Den høgaste, San Christobal er ca 1745 meter høg og spyr ut ein jamn straum av røyk. Neste gong går me der.

Turen ned att frå Cerro Negro var spektakulær. Ein trakkar/sklir i vulkansand rett ned 300 meter, og det er gjort på 2 minutt. Det ser kanskje ikkje så bratt ut på bileta, men det er BRATT. Og når ein har nådd enden av bakken, kan ein tømme skoa for ca ein halv kilo sand. (Mange, meg inkludert, kjøpte billige joggesko spesielt for denne turen.)

Elles har me no begynt på latinamerika-førelesingane i tillegg til spanskundervisinga. Spennande stoff. Lova forrige gang å ta eit bilete av spansklæraren vår. Her er ho, Marvely. Veldig hyggeleg dame som elskar å undervise norske studentar.

Livet på Casa Iguana er stort sett veldig bra. Litt for mykje folkehøgskulestemning for min smak av og til, men som Jesus sa; lat borna slå seg laus. Eg har etter kvart innsett at eg er 10 år eldre enn dei fleste her. Men til helga skal me til surfelandsbyen San Juan del Sur, og då skal eg endeleg kjøpa mitt eige brett og slå meg til ro i bølgene. Yes box!

Me snakkast! JE.

PS - dersom nokon har tips til korleis ein kan redigere layouten på denne ubrukelege nettsida på ein enkel måte, så blir eg glad.

1 kommentar:

  1. WOW! Ser ut til at det var en gøyal tur i alle fall!:) Dere får kose dere videre med undervisning på stranda med bølgesus i bakgrunnen. Nå skal jeg på lesesalen og nyte utsikten av gråvær og mursteingsbygg. Yes box;)

    Snakkes!

    SvarSlett